fredag 24. juli 2020

Padlehelg i Bulandet.

I pinsehelga gjekk turen ut til nydelege Bulandet saman med ein venninne-gjeng. Nesten alle hadde ein kajakk på taket og vi var klare for ei padlehelg i bedageleg tempo. Veret viste seg frå si aller beste side og vi såg fram mot eit herleg helg i godt selskap.

 

Vi budde på ei utruleg sjarmerande sjøbu som heiter «Bua-Vindu mot vest» , her låg alt til rette for høg kosefaktor!

 

Første dagen begynte vi med litt padling rett utanfor bua. Der fekk alle litt grunnleggande info og vi fekk kjenne litt på korleis det var å sitte i ein kajakk. Nokre av oss hadde introkurs i padling og nokre var enno meir erfarne. Nokre var likevel heilt uerfarne og målet var at vi skulle legge ut på trygge turar som alle kjende seg komfortable med.

Sidan det var bortimot vindstille denne helga var vi så heldige å få padla frå bua som ligg litt sørvest for Kjempeneset og ut i Sandøyna. Her gjekk vi i land og gjekk opp mot fyret. Frå fyret var utsikta god ut mot Fuglesteinen og vidare utover. Her kan det ofte vere mykje brytingar og bølger, men på denne dagen var det bortimot vindstille. Vi bestemte oss for å padle eit stykke utover mot Fuglesteinen og Tindesteinen, og deretter rundt Sandøyna. Som sagt så gjort, men kjensla av at sjøen og understraumane ute ved Fuglesteinen drog i kajakken min sette ein støkk i vasskrekken min, så eg snudde og padla innover att.Eg er framleis der at komfortsona er den beste 😄. Når gjengen var samla inne i hamna ved Sandøyna igjen, padla vi innanskjærs tilbake til Bua. Her laga vi mat og roa ned resten av kvelden i solnedgangen og godt selskap.

 

  

Den andre dagen starta med ein lang frokost, morgon-yoga og ein god del kaffidrikking på terrassen før vi kom oss i kajakkane.  I dag var det bittelitt meir vind utaskjers, så vi padla mest innanskjers og fekk med oss magiske sandbotnar, anemonar og ein nydeleg natur. Uansett kor mykje ein prøver så klarar ein ikkje å fange helgas opplevingar på eit knippe bilete.

 









Kort oppsummert: Ei fantastisk helg i eit veldig godt selskap 












mandag 27. april 2020

Første overnattingstur i hengekøye... men absolutt ikkje den siste!


I lengre tid har ei veninne og eg snakka saman om å overnatte ute i hengekøyene våre ein stad, men ikkje lagt nokre meir konkrete planar enn det. Vêrmeldingane i helga var OK. Ikkje nokre høge nattetemperaturar og det var meldt litt vind, men ikkje meir enn at vi bestemde oss for å berre kaste oss i det! Vi er ikkje nokre supererfarne friluftsmenneske nokon av oss, men ein plass må vi jo starte.


Fredags ettermiddag var vi ferdig pakka og klare for tur, vi la av garde ned mot Herlandsvatnet og nydelege Vassbotn. Her er det fine flate områder, gode tre til å henge køyene i, ein liten rekk som renn forbi og ein liten «leirplass» med bålgrue og ein provisorisk gapahuk som er sett opp av trestokkar.
Vi fekk opp køyene våre med underquilt, myggnettingar og mønesnor. Dette såg ut til å verte ein fin kveld. Eg hadde med meg to soveposar (tre-sesongsposar), eit liggeunderlag og eit saueskin til å ligge på. Eg droppa liggeunderlaget sidan eg hadde quilten, og fann ut at eg kom til å verte varm nok dersom eg låg oppå den ekstra soveposen min.


Utover kvelden vart det skravling, pizzasteiking på stormkjøkkenet og litt god drikke. Pizza på stormkjøkken var absolutt ikkje vanskeleg, men det tok litt tid. Eg hadde kjøpt med «Rull`n ut-deig», kvit pizzasaus frå peppes, spekeskinke og ost. Først førehandsteikte vi fire små botnar på steikepanna, la dei til sides og ferdigsteikte kvar av dei med fyll etterpå… Slik vart vi sitjande i to timar. Laga mat saman, åt etter kvart som dei vart ferdige, skravla og lo, og åt litt til. Ein kjempefin kveld!



Når klokka nærma seg halv elleve tok det til å mørkne og temperaturen sank. Eg hadde allereie teke til å fryse bittelitt. Vi kraup difor opp i køyene våre og fortsette skravlinga der. Eg vart liggande litt og vurdere om liggeunderlaget måtte på plass ôg, for eg var iskald på beina. Eg let det vere, og konkluderte med at eg snart kom til å verte varm etter kvart. Og sovna gjorde eg! 

















Sov som ein stein til klokka var om lag fire, då berre snudde eg meg litt over på andre sida og sov litt til. Vakna i seks tida og fekk med meg at dagen grydde og lyset kom meir og meir fram. Luska meg ut av soveposen og fekk nokre flotte bileter nede ved vatnet.

 I halv ti tida var vi begge såpass vakne at vi fann ut at vi var klar for kaffi og frukost. Det er merkeleg kor godt maten smakar ute , og for ikkje å nemne kaffien. Etter nedpakking av leiren og ei ekstra runde for å sjekke at vi ikkje hadde lagt att nokre spor etter oss, tusla vi oss tilbake til bilen. Begge einige om at det hadde vore ei fin oppleving. Det er ikkje siste gong eg overnattar ute under open himmel.





onsdag 22. april 2020

Første gong rundt Raudøyna i kajakk.


Eg har lenge hatt lyst til å padle rundt Raudøyna med kajakken min. Denne øya ligg rett utanfor huset mitt, nærare bestemt nord om Atløy ein stad. Det å legge ut på lengre turar åleine er likevel noko eg ikkje har kjend meg trygg på enno. Tenk om det skulle begynne å blåse, tenk om eg går rundt, tenk om, tenk om...

I går kveld hadde eg knytt joggeskoa mine og var på veg ut for å jogge intervallar då eg fekk ein Snap frå ein kompis at han skulle padle akkurat denne ruta. Eg spurte pent om eg fekk lov å vere med, riktignok i nybegynnartempo, og det fekk eg! Så då var det berre å bytte kle og komme seg ned til sjøen. 

Eg kava meg ned i kajakken frå flytebrygga (noko som ein skulle tru var mykje lettare enn det faktisk er!) og padla utover mot austsida av Raudøyna.  Sidan eg er skrudd saman slik at eg ikkje likar at folk skal vente på meg, var eg nok i overkant effektiv då eg tok til å padle, for eg gløymde å skru ned senkekjølen. Kajakken levde sitt eige liv både på grunn av manglande senkekjøl og manglande teknikk. Men tolmodogheita sjølv, som venta litt lengre borte, gav meg nokre gode tips, og vi padla avgarde ut mot solnedgangen.
  

På slike kveldar som denne, er lyset aldeles magisk. Ein ting er å sjå det frå land, men når ein kjem seg ut i ein kajakk og berre kan ligge og duppe medan ein nyt utsikta er ubeskriveleg. Eg hadde ein kjempefin tur og det er absolutt ikkje siste gongen eg padlar denne runda.

mandag 20. april 2020

Ny glede i kvardagen!


Her inne har det skjedd svært lite dei siste åra. Tida mi gjekk med til studie (som eg var ferdig med i juni 1019)jobb og familie. No som eg har litt meir tid i kvardagen og feriane mine, tenkte eg å blåse støv av bloggen min att og bruke den litt til å kunne sjå attende på turar og opplevingar.

For MYKJE har skjedd dei siste åra med denne "Kalvikaren"! Det mest overraskande som har skjedd, som eg aldri hadde trudd skulle skje er at:
Eg har kjøpt meg kajakk!



Eg! Eg som alltid har hatt litt vass-skrekk har kjøpt meg kajakk. Det heile tok til med at eg fekk prøve litt saman med ei venninne, og synast det var kjekt. Riktignok kjefta eg ho huda full då ho ville plassere eit spruttrekk på meg, og panikken var vel til å ta og føle på… Mest redd var eg vel for å gå rundt og ikkje klare å komme meg ut att.
To år seinare prøvde eg igjen, og denne gongen med trekk. Eg kjende at sjølv om eg var redd, så skulle eg ikkje la frykta mi overvinne lysta til å padle. Så i august 2019 tok eg introduksjonskurs i padling. Der den stakkart instruktøren måtte tole kjefting , tårer og latter innanfor ei tidsramme på eit minutt. Eg gjennomførte alle krava og var så stolt av meg sjølv at eg trur kanskje eg vaks ein cm eller to.
I februar i år bestilte eg meg ein kajakk. Eg bestemte og ombestemte meg sikkert hundre gongar, men så berre gjorde eg det. Eg kjøpte ein Boreal Design Baffin i fargen sunset. Nydeleg!! Har berre fått brukt den to gonger fram til no på grunn av veret, men eg har storkosa meg begge gongane.
Eg har rikeleg med nybegynnarfeil og eg lærer noko nytt kvar gong, men likevel er dette noko eg kosar meg med. Lavterskelnivå på å komme meg ut sidan naustet vårt ligg 100 meter frå huset og etter kvart vil eg nok prøve meg på lengre turar. 


søndag 19. juni 2016

Ei aning utkropen.

Siste dag på jobb gjekk med til å rydde i papir, rydde klasserom og gjere mykje klart til hausten att. 
Eg fekk oppgåva å rydde lageret på loftet. Det lageret inneheld mykje morro. Og mykje gammalt skrot som skulle kastast. Vi bar ut stolar, pultar og gamle møblar som var øydelagt. Masse gammalt rot som vi ikkje lenger trengde.

Midt oppe i lasset med mykje ubrukelegt "sarv" fann eg dei. To gamle stolar i tre som vistnok ein gong i tida hadde stått på gamle Leirvåg skule. Dei var grøne, ikkje særleg fine lenger, men gode nok til naustbruk tenkte eg. Eg stabla stolane inn i bilen og var godt nøgd med dagens fangst!

Mannen i heimen derimot, var ikkje like nøgd. Han såg ikkje heilt vitsen med å dra desse gamle stolane inn i heimen. Han sukka, stønna og ignorerte min overdrevne iver over desse flotte stolane som eg hadde redda fra ein brutal død i Olsetvikane. 


Eg sleit stolane ned i naustet og gav dei eit strøk med maling. Einaste fargen eg hadde for hand var ein boks med sommargul oljemaling som eg hadde måla eit "trommelbord" med for eit par veker sidan. No synast eg faktisk at stolane vart så gule og kule at dei ikkje kan stå i naustet likevel, kanskje dei rett og slett må inn i hus...


No er det berre slik at Mr.Kalvik og eg har inngått ein avtale. Kvar gong vi dreg ein ny ting inn i huset, så skal vi kaste ein ting. Kva kan eg vel ofre?  Eg er ikkje god på å kaste ting, og ein gammal sokk veg ikkje opp for ein heil stol!! Såpass mykje veit eg og....



Dersom eg berre ventar litt. Ventar til mannen i heimen har reist på sjøen. Då veit eg om ein gammal puff til ein "ekkornes stressless" , ein puff som eg verkeleg synast lite godt om. Eg veit om ein del av ein 70- talls veggseksjon som eg i fleire år har prøvd å kvitte meg med. Desse to tinga veg opp for to gule og kule stolar som så gjerne vil i hus...


Eg trur eg let vere å nemne planen min, og så let eg stolane stå i naustet til september....

mandag 6. juni 2016

Stans verda, det går for fort!!

9.juni 2016 går du ut frå ungdomskulen for siste gong. Døra glir att bak deg, og du tek eit steg ut i verda. 

Sommaren er som eit stort gap. Bak deg ligg det kjende og trygge. Framom deg ligg noko vi ikkje heilt veit kva er. Du har ein sommar som skal fyllast med så mykje. Du skal reise ein lengre tur vekk frå oss. Du skal vente, vente på kva hausten vil bringe. 

Eg sitt her med ein skrikande klump i magen: GJE MEG MEIR TID! Eg treng tid til å tøyse meir, tid til å irettesette og forberede deg på det verda kan bringe. Tid til å prate, tid til å le, tid til å belære. Tid til å berre vere saman! 

Du skal ikkje så langt. Vi kjem til å sjå deg ofte. Likevel er dette første steget ut i den vaksne verda. plutseleg er du vaksen og står på egne bein.

Stans verda, slepp meg av ein augneblink.
 Det går for fort. 

tirsdag 19. januar 2016

Å sørge ♥

Døden er ein del av livet. 

Når eit gamalt menneske døyr er det naturens gang. Likevel sørgar vi, fordi vi har mista nokon vi bryr oss om, og nokon vi er glad i. Dei vil aldri meir komme att, og den kjensla kan få sorga til å velte opp i oss.

Når eit menneske vert sjuk og døyr fordi kroppen ikkje klarar å handtere sjukdommen, då sørgar vi og. Her får vi får i mange tilfeller moglegheiten til å forberede oss på det som vil komme, og saman med den sjuke kan vi snakke saman om døden.Når døden inntreff sørgar vi på same måte over eit menneske vi aldri meir kan få være nær. 

Det er ein naturleg del av oss å sørge. Likevel finnast det så mange ulike typar sorg. Når eit ungt menneske døyr heilt utan forvarsel, då snur sorga alt på hovudet for oss. Når du ikkje er forberedt, når det kjem som lyn frå klår himmel, då står vi ovanfor ein type sorg som vil endre seg over tid. Den sorga treff deg som eit slag. Den kan komme når eit ungt menneske blandt oss døyr. Eit menneske som høyrer til i nærmiljøet ditt, som tilsynelatande har vore frisk og har alt og leve for. Det er som eit knytneveslag treff deg. Det er òg den tvilande og håpande sorga, den som får deg til å leve i den trua at det ikkje er verkeleg. Som får deg til å håpe at du skal kunne vakne frå ein draum som kjennast så vond at du ikkje vil at den skal verte ein del av kvardagen din. 

Så kjem den snikande sorga som legg seg kring hjartet ditt. Den sorga som med jamne mellomrom pirkar i deg. Den som stadig minner deg på dette grusomme som har intruffe, som aldri burde ha skjedd. Den sorga som ikkje lar deg gå ein dag utan å tenkje på dette flotte mennesket som aldri vil komme attende. Det er denne sorga som til tider får deg til å stusse over dine eigne kjensler. Kor nær må ein eigentleg stå eit menneske før ein har lov å sørge slik at andre ser det? 

Den vondaste sorga for meg, er å sjå på dei som sitt att. Vere klar over at den sorga du sjølv går og kjenner på , berre er ein brøkdel av den smerten dei næraste ber på. Du vil så gjerne gjere noko,men kva kan du gjere?Du vil så gjerne vise forståing, men kan ein vise forståing kring noko ein ikkje forstår sjølv?
Det er den sorga som enkelte dagar gjer det vondt å vere vaken.