mandag 27. april 2020

Første overnattingstur i hengekøye... men absolutt ikkje den siste!


I lengre tid har ei veninne og eg snakka saman om å overnatte ute i hengekøyene våre ein stad, men ikkje lagt nokre meir konkrete planar enn det. Vêrmeldingane i helga var OK. Ikkje nokre høge nattetemperaturar og det var meldt litt vind, men ikkje meir enn at vi bestemde oss for å berre kaste oss i det! Vi er ikkje nokre supererfarne friluftsmenneske nokon av oss, men ein plass må vi jo starte.


Fredags ettermiddag var vi ferdig pakka og klare for tur, vi la av garde ned mot Herlandsvatnet og nydelege Vassbotn. Her er det fine flate områder, gode tre til å henge køyene i, ein liten rekk som renn forbi og ein liten «leirplass» med bålgrue og ein provisorisk gapahuk som er sett opp av trestokkar.
Vi fekk opp køyene våre med underquilt, myggnettingar og mønesnor. Dette såg ut til å verte ein fin kveld. Eg hadde med meg to soveposar (tre-sesongsposar), eit liggeunderlag og eit saueskin til å ligge på. Eg droppa liggeunderlaget sidan eg hadde quilten, og fann ut at eg kom til å verte varm nok dersom eg låg oppå den ekstra soveposen min.


Utover kvelden vart det skravling, pizzasteiking på stormkjøkkenet og litt god drikke. Pizza på stormkjøkken var absolutt ikkje vanskeleg, men det tok litt tid. Eg hadde kjøpt med «Rull`n ut-deig», kvit pizzasaus frå peppes, spekeskinke og ost. Først førehandsteikte vi fire små botnar på steikepanna, la dei til sides og ferdigsteikte kvar av dei med fyll etterpå… Slik vart vi sitjande i to timar. Laga mat saman, åt etter kvart som dei vart ferdige, skravla og lo, og åt litt til. Ein kjempefin kveld!



Når klokka nærma seg halv elleve tok det til å mørkne og temperaturen sank. Eg hadde allereie teke til å fryse bittelitt. Vi kraup difor opp i køyene våre og fortsette skravlinga der. Eg vart liggande litt og vurdere om liggeunderlaget måtte på plass ôg, for eg var iskald på beina. Eg let det vere, og konkluderte med at eg snart kom til å verte varm etter kvart. Og sovna gjorde eg! 

















Sov som ein stein til klokka var om lag fire, då berre snudde eg meg litt over på andre sida og sov litt til. Vakna i seks tida og fekk med meg at dagen grydde og lyset kom meir og meir fram. Luska meg ut av soveposen og fekk nokre flotte bileter nede ved vatnet.

 I halv ti tida var vi begge såpass vakne at vi fann ut at vi var klar for kaffi og frukost. Det er merkeleg kor godt maten smakar ute , og for ikkje å nemne kaffien. Etter nedpakking av leiren og ei ekstra runde for å sjekke at vi ikkje hadde lagt att nokre spor etter oss, tusla vi oss tilbake til bilen. Begge einige om at det hadde vore ei fin oppleving. Det er ikkje siste gong eg overnattar ute under open himmel.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-