fredag 10. juli 2015

Kalvikarane sitt reisebrev, del 1.

Omsider kom vi oss i bilen. Campingvogna var pakka og huset var låst. Men i magen leika det ei rar kjensle..... Vi viste ikkje kvar vi skulle ta vegen. Vi kjøyrde til Førde,  fekk middag hjå bestemor, drakk kaffi og satt å lurte litt til. Sette oss i bilen og køyrde mot Skei.

Oppe ved Skei er der eit vegkryss,  så om vi ikkje ville halde fram å kjøyre rundt og rundt i rundkjøringa der oppe, måtte vi ta eit val. Og vi befant oss etter litt oppe i Våtedalen.

Vi vil ha sol,  sommar og fint ver. Men vermeldingane no om sommaren er like ustabile som humøret til ein fjortiss😱, difor er vi så glad i campingvogna vår. Vi kan reise akkurat dit vi vil, og der veret er bra!! Akkurat no ligg vi på Mindresundet camping utanfor Stryn,i morgon legg vi i veg mot Lillehammer,  og så får vi sjå kva som skjer vidare.

Campingkjensla kom snikande med ein gong vi tok inn på campingplassen ,  vi kosar oss,  det er ferie!

Følg med vidare på reisebrev frå Kalvikarane 😀

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-