søndag 12. juli 2015

Reisebrev frå Kalvikarane, del 2.

Etter at vi tok laust frå campingen i Stryn,  gjekk turen over Strynefjellet. Smale tunellar og ei 250 vogn var ein prøvelse for mitt blodtrykk. Men opp kom vi, og på toppen stoppa vi for ein kopp kaffi og lufting av loppene i blodet.
Etter at alle fire ungane (inkludert meg) hadde fått sprunge frå seg litt, gjekk turen vidare til Lom. Der parkerte vi for å proviantere, og få i oss litt mat. Men sidan både eg og mellomstemann er over gjennomsnittet interessert i historie, berre MÅTTE vi innom stavkyrkja. Der fekk vi tak i ein gutunge som hadde guiding som sommerjobb. Han fortalte oss mykje om korleis kyrkja og føydalsamfunnet verka på 1600 talet, korleis folk var plassert i kyrkja og kor fattigfolk og bandittar var plassert. Eg la merke til at gutungen min berre stod og stirra. Eg tenkte at det her må ha vore kjempestort for han å få med seg. Då vi kom ut av kyrkja  kom ein kommentar eg ikkje var forberedt på: " Mamma? Jammen snakka dei rart her i Lom. Skjønte du kva han sa??" 

Vidare gjekk turen til Mageli camping ein halvtime nordvest for Lillehammer.  Her parkerte vi vogna,  heiv ut campingstolane,  kjøpte ein pizza til kvelds og berre kosa oss.

I dag har vi berre bada i bassenget,  gått turar på campingplassen,  lest bøker,  sola oss og vore i skikkelig feriemodus. I skrivande stund tek mellomstemann eit kveldsbad i bassenget før det stenger for kvelden.

Livet er fint.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-