tirsdag 21. juli 2015

Reisebrev frå Kalvikarane, del 3

Frå Mageli camping tok vi turen vidare til Fredrikstad. Der la vi oss inn på ein nydeleg liten campingplass nede ved sjøen. Campingen heite Bevø camping og er ein eldre campingplass, med noko slitte sanitæranlegg,  men her var REINT og fint. Her var koselege små gater,  med masse fastliggande campingvogner. Eit ekte lite ferieparadis.

Vi fekk selskap av søskenbarnet mitt og familien,  så kjekt var det for både store og små.

Ungane bada i sjøen, padla rundt i ein liten gummibåt, spelte minigolf. Vi tulla og tøysa i ekte Kalvik stil,  og vi fant rett og slett  ferie roen.

Den 16.juli hadde eg og Mr.Kalvik bryllaupsdag. Vi har vore gift i heile 10 år, og det måtte jo feirast.  Han var ute og shoppa grillmat og presang til meg.
Ettermiddagen kom,  veiret var nydeleg, vi fyrte opp grillen og kosa oss i sola og finveiret. Det er jobben eigen idyll med å sitte ute å lage mat i det fri.Maten var klar,  borda dekka og vi var klare til å ete.....Der kom regnet. Då var det berre å styrte inn i fortelta våre, med maten, campingutstyr og alt vi hadde rigga til. Listen strek i rekninga akkurat det,  men så kom mannen på at han hadde jo presang til meg!!!! Å gjett om eg var spent!!! Pakken vart lagt framom meg,  og eg kjenner skepsisen steig. Det låg det ein avlang presang innpakka i raudt papir med Jula trykk på. Hmmm.... Ja ja,  eg pakka opp og inne i pakken låg det mest romantiske ei dame kan tenke seg: Ei ROSA SELFIESTANG!!!!

Heidi-Beate

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-