lørdag 25. juli 2015

Reisebrev frå Kalvikarane, del 4

Fredrikstad-Gøteborg var neste etappe. Vi gjorde unna den obligatoriske grensehandelen kvelden før sidan vi budde så nær grensa likevel.
Vi fann ein roleg liten campingplass aust for Göteborg og hadde ein koselig ettermiddag saman med eit vennepar som stoppa på samme campingplass som oss på veg heimover.
Veiret her har vore så som så, men ikkje noko særlig med regn så då kan ein ikkje klage.
Vi hadde oss ein fin dag inn til Gøteborg,  litt shopping,  litt turistfakter med fotografering og andre ting som er typisk for turistar.  Og så ein fantastisk god cappuccino og ei utepils på ein uterestaurant. Og då vi kom tilbake på campingplassen hadde vi fått endåfleire kjentfolk inn på campingen! Hurra 🙌
Dagen etter regna det,  og då tok vi turen til Borås. Der hadde dei Leo's leikeland,  noko som er perfekt på ein regnversdag. Men akkurat den dagen var det ein trailer som fann ut at det var ein god idé å velte midt på motorvegen,  det resulterte i to og ein halv time i kø for oss andre....verkeleg dårleg gjort meinte 7 åringen vår! Men vi kom oss fram til slutt,  og etter masse leiking tok vi oss ein utemiddag på ein koseleg restaurant i Borås.
For dei som ikkje har vore i Borås anbefalar eg denne koselege byen, og då særskilt ein Pizzarestaurant med navnet Granada restaurant! 
Liseberg besøkte vi òg!  Ein fartsfylt dag med mykje morro, og 70% av tida stod vi i kø! Sidan ungane er litt adspredt i alder, måtte vi dele oss litt for at alle skulle få mest utbytte av dagen sin. Eg var så heldig å ha ansvar for yngstemann,  så eg kjørte over gjennomsnittet spennande attraksjoner som kanintoget,  farfars biler,  skip o skøy,  pariserhjulet og Colorado. Klokka tolv om natta hadde vi omsider komt oss attende til campingvogna med sletne og utslitte ungar.
Siste dagen i Göteborg slappa vi berre av,  gjekk tur og laga grillfest på campingplassen saman med dei to andre familiene vi var saman med.
Heidi-Beate

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-