mandag 28. juli 2014

Krabbefestival på Atløyna

Når dei fleste traktorar med hengar er mobiliserte, når dei mest sindige personane lekser ut av seg ei glose eller to og folk spring rundt som surrande kveps. Det er då du veit det er noko på gang. Det er då krabbefestivalen på Atløyna nærmar seg.

Noko krabbe er reinska, og fleire krabbeteine er satt .Laksen er filetert og marinert. Mat, drikke, is og anna er bestilt. Vi kjøyrer utstyr, vi løftar på bord og stolar , vi organiserar stasjonar , vi pyntar området og vi lagar mat. Vi svettar, stønnar og klagar kanskje bittelitt. 



Så kvifor gjer vi dette, år etter år etter år? Eg veit ikkje kva sambygdingane mine seier, men eg veit i allefall kvifor eg gjer det!
Eg gjer det for ungane min sin del , for at dei skal sjå at vi må stå saman for å få til noko. For at dei skal få ha ei kjekke helg på heimplassen sin.
Eg gjer det for Øyna sin del. For å vise oss frå vår beste side, og for å støtte opp under viktige prosjekt her ute. Overskotet gagnar alle!
Eg gjer det for trivselen sin del. For jammen er det mykje artigt ein opplever på ei helg som dette, og vi pratar om mangt og mykje med folk vi ellers ikkje har så mykje med å gjere.


Vi ler og vi pratar. Vi spring til tider rundt oss sjølv. Vi samarbeider , kommuniserar og utvekslar gode idear.

Fleira dagar og månadar med hardt arbeid toppar seg i ei helg fylt med endå meir arbeid. Vi har antydningar til kaos og panikk, men ikkje meir enn vi kan fikse.
Og so kjem Laurdagen. Sola skin, hamna er fylt opp med båtar og talet på personar på "Øyna" er nesten tredobla. Trøytte andleter stikk hovudet ut av båten etter ei lang fredagsnatt og området vert sakte men sikkert fylt opp med folk. Då skjer da noko med Atløyningen. Humøret stig uansett kor sletne vi er. Vi kjem i festivalmodus, og stemninga er til å ta å føle på. 
Folk smilar og er i godt humør. Dei et god mat, skravlar med kjentfolk og kosar seg. Ungane spring rundt og leikar, badar og let seg underhalde av det som skjer.

Vi er sletne etter ei slik helg, men jammen er det moro når det står på. 







Som ei flott dame i mat-komiteen sa,
 " Det er akkurat som ein fødsel. Det kan vere grusomt medan det står på, men det er fort gløymt!"

Neste år er eg klar att. Lenge leve dugnadsånda!





Til slutt må eg berre slenge med eit bilete av den fantastiske solnedgongen vi hadde både fredag og laurdag. 




Artikkel frå Krabbefestivalen 2014

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-