onsdag 27. august 2014

Kuren mot flaksande elefantar....

 Så stod eg der. Eller rettare sagt, eg virra rundt, og hadde absolutt inga aning kvar eg skulle ta vegen. Eg var kvalm, uvel og det kjendes ut som magen var fylt med vengeutstyrte elefantar.
"Svingen! Kvar er den delen av høgskulen i Sogndal som heiter Svingen??" Elefantane i magen min tok til å flakse litt til med vengene, medan eg gjekk rundt der og prøvde å sjå ut som eg hadde full kontroll!

Omsider fann vi fram til klasserommet, ei smilande dame med nordlandsdialekt , som båda spurde og svarte på spørsmåla sine, i samme setning , låste opp. "Hei æ hete førr Bente, e dåkker nervøs dåkker ser så bleik ut. Nei dåkker e vel ikkje nervøs? Det her går jo så bra! Sett dåkker no ikke bakerst, det e så mye trivligare om dåkker sett her framme med mæ? Herregud for eit deilig vær! Var det vanskelig å finne fram, nei det gikk no vel greit eller? Kanskje vi skulle vorre ute å sedd om der e flere som har gått sæ bort?"
Dei flaksande elefantane i magen min var som blese vekk. Ikkje berre stod der ei artig,godt voksen dame , med verdas mest beroligande dialekt framom meg. Når eg såg meg diskre rundt, så oppdaga eg at alle hadde det samme, litt gråaktige, nervøse utrykket i ansiktet. Vi var alle i samme båt! Vi var der med same utgangspunkt og nesten ingen kjende kvarandre . DET gjorde vi fort noko med. Plutseleg satt latteren laust, og i løpet av veka hadde eg vorte kjend med 10 nye, artige personar som eg skal tilbringe dei neste 5 åra saman med, på deltid vel og merke.

I tilleg til desse kjekke menneska, dukka der opp nokre sjeler til som vi skal ha med oss i matematikk dette året! 


I matematikken fekk vi ei lita innføring i både praktisk og teoretisk matte. Og noko fnising var det då vi skulle til å perle med fargerike perler for å lage oss ei perlesnor.
Og kven seier at små byggeklosser berre er for born? Neidå! Vi leika lenge med dei før vi forstod logikken ....
 

Så slik levde eg ei veke i Sogndal , medan mann og born styrte huset heime. Torsdags kvelden fekk eg eit bilete på tlf min som smelta eit mamma og kjeraste hjarte:
 
Einar-Arne hadde lagt på bokbind på bøkene, kunne vel veka ha vorte betre?






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-