tirsdag 19. januar 2016

Å sørge ♥

Døden er ein del av livet. 

Når eit gamalt menneske døyr er det naturens gang. Likevel sørgar vi, fordi vi har mista nokon vi bryr oss om, og nokon vi er glad i. Dei vil aldri meir komme att, og den kjensla kan få sorga til å velte opp i oss.

Når eit menneske vert sjuk og døyr fordi kroppen ikkje klarar å handtere sjukdommen, då sørgar vi og. Her får vi får i mange tilfeller moglegheiten til å forberede oss på det som vil komme, og saman med den sjuke kan vi snakke saman om døden.Når døden inntreff sørgar vi på same måte over eit menneske vi aldri meir kan få være nær. 

Det er ein naturleg del av oss å sørge. Likevel finnast det så mange ulike typar sorg. Når eit ungt menneske døyr heilt utan forvarsel, då snur sorga alt på hovudet for oss. Når du ikkje er forberedt, når det kjem som lyn frå klår himmel, då står vi ovanfor ein type sorg som vil endre seg over tid. Den sorga treff deg som eit slag. Den kan komme når eit ungt menneske blandt oss døyr. Eit menneske som høyrer til i nærmiljøet ditt, som tilsynelatande har vore frisk og har alt og leve for. Det er som eit knytneveslag treff deg. Det er òg den tvilande og håpande sorga, den som får deg til å leve i den trua at det ikkje er verkeleg. Som får deg til å håpe at du skal kunne vakne frå ein draum som kjennast så vond at du ikkje vil at den skal verte ein del av kvardagen din. 

Så kjem den snikande sorga som legg seg kring hjartet ditt. Den sorga som med jamne mellomrom pirkar i deg. Den som stadig minner deg på dette grusomme som har intruffe, som aldri burde ha skjedd. Den sorga som ikkje lar deg gå ein dag utan å tenkje på dette flotte mennesket som aldri vil komme attende. Det er denne sorga som til tider får deg til å stusse over dine eigne kjensler. Kor nær må ein eigentleg stå eit menneske før ein har lov å sørge slik at andre ser det? 

Den vondaste sorga for meg, er å sjå på dei som sitt att. Vere klar over at den sorga du sjølv går og kjenner på , berre er ein brøkdel av den smerten dei næraste ber på. Du vil så gjerne gjere noko,men kva kan du gjere?Du vil så gjerne vise forståing, men kan ein vise forståing kring noko ein ikkje forstår sjølv?
Det er den sorga som enkelte dagar gjer det vondt å vere vaken.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-