søndag 26. juli 2015

Reisebrev frå Kalvikarane, del 5

Siste etappe. Göteborg -Ål- Kalvikja.
Vi tok laust frå Sverige i 12.30 tida fredagen og sette kursen mot Noreg. Vi hadde ikkje før komme oss ut på motorvegen i retning Svinesund før det første spørsmålet kom:"Mamma? E det lenge te vi e på grensa??" Gubben og eg som hadde tenkt tanken at vi skulle snike oss over grensa,  drite i all grensehandel og berre kjøyre måtte innnsjå at det aldri kom til å skje. Då hadde vi hatt tre rasande ungar på nakken som i rein sukkerabstinens hadde tatt over rattet sjølv!!
Grensehandel vart det,  fleire kilo med smågodt, to brett med brus og nokre plater med Marabou sjokolade! Så då kunne vi trygt kjøyre vidare og stemninga i baksetet var roleg og harmonisk 😀

Vi kjøyrde eit godt stykke denne dagen. Heilt til Ål,  der tok vi inn på Hallingdal feriesenter. FOR ein campingplass!!  Eg kan med handa på hjartet seie at det må vere den flottaste campingplassen eg nokon gong har sett. Vi kom noko seint fram,  men ungane leika og storkosa seg på campingplassen saman med to søskenbarn som hadde campert der for natta, og vi skravla og kosa oss med svogeren og fruen!

Dagen etter vart ein hektisk dag. Vakna i ni tida av at minstemann satt i senga mellom oss og konstanterte at han stinka! Og det gjorde han verkeleg når vi berre stakk nasen nært nok. Jepp, han hadde spydd i søvne.  I campingvogna. Og ikkje våkna..... Så då vart det vasking og tørking av sengekle og det som høyrte med, men med gode industrivaskemaskiner og tørketromler så var det gjort på 2,5 timar.
Etter at det var gjort fekk eg besøk av fine Ingrid,  medstudent frå Sogndal. Vi drakk kaffi,  lo, mimra, lo endåmeir og hadde ein flott føremiddag.  Ungane dusja (leeeengeeee, for det var jo gratis),  leika,  var på skattejakt på campingplassen og nytta seg av gratis WiFi 😀😀😀

Middagsinnvitasjon fekk vi òg,  jammen kjekt å vere turist på Ål. Det var den gode og kjekke romkammeraten min frå Sogndal som stod for den. Det å kjøyre opp på tunet hennar, bli møtt av ein god klem var berre endå ein god ting å gjere denne dagen! Det vart seint før vi kom oss ned på campingplassen att. Vi hadde tusen ting å snakke om,  vi fekk servert middag og dessert,  og ungane fann aldeles tonen saman.
Så sjølv om dagen var aldri så hektisk, og sjølv om den starta med eit brak, så var han hjertevarm og go!

I skrivande stund står eg no heime på kjøkkenet, vi ankom Kalvikja for 17 minutt sidan. Miss.Sophie gjekk av hos ei venninne på Askvoll, for ho lengta SÅÅÅÅ veldig!! Dei to yngste har sneket seg vekk med sine favoritt sysler. Eg klandrar dei ikkje, for vi har budd oppå kvarandre i ei lita campingvogn på størrelse med vaskerommet vårt i 16 dagar. Og i morgon vil dei også besøke venner og kjente. Katten snik seg rundt føttene mine og krev oppmerksomhet.Vi har berre vore vekke i 16 dagar,  skulle tru det var eit halvt år i følge minstemann.

Sommarferien 2015 var flott. Takk for at de las reisebreva våre. No skal vi nyte resten av sommaren.

Heidi-Beate

2 kommentarer:

  1. Så koseleg å lese reisebreva dine, Heidi Beate 😀
    Dette har nok vore ein super campingferie 👍🏻

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk Bente. Ja det har vore ein super ferie, sjølv om ungane synast det var godt å komme heim. :-)

      Slett

-Kalvikaren-