Det er enkelte ting eg som husmor aldri har gjort. Som å lage sylteflesk, stive kjøkkendukane mine (som bestemor mi svergar til, for å halde dei reine og krøllfrie lengre) og stryke alle sengeklea våre, fordi det tek seg betre ut. Det ser berre så styrete ut, og eg elskar lettvinte løysningar der det let seg gjere...
No skal det seiast til mitt eige forsvar at eg er ikkje heilt håplaus som husmor. Eg både kokkelerar, bakar, vaskar og ryddar. Det er berre det at eg ikkje er så god på å gjere nye ting, ting som høyrast uoverkommeleg og vansekeleg ut. Ting som 50-60 år gamle husmødre skryt og syt over, generelt sett ting som eg aldri før har gjort. Jepp du las rett...Eg, husfrua i Kalvikja har aldri laga jordbærsyltetøy før. Det ser så styrete ut! Vask, rens, del opp, kok, steriliser, varm glass, brenne seg på fingrane...
Så skjedde det noko, torsdagen hadde eg kjøpt 15 korger med norske jordbær. Eg hadde to val, enten fekk vi ete dei og risikere at heile familien Kalvik ville verte dårleg i magen og ikkje ha samme gleden over jordbær lenger. Det andre valgt var å prøve meg på å lage syltetøy som eg kunne setje i frysen. Eg valgte det siste.
Eg reinska bær (fort gjort) , eg skylte jordbæra i dørslag og målte opp kor mykje bær eg hadde (enkelt) , delte dei opp ( framleis ikkje særskilt krevjande) og eg blanda sukker og Jam frysepulver. Deretter moste eg bær med potetstapparen min og blanda inn sukker og Jam. Syltetøyet mitt var ferdig...

Om det er så lett å samle inn nokre ekstra husorpoeng , så skal eg jammen gjere det oftare!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
-Kalvikaren-