onsdag 22. april 2020

Første gong rundt Raudøyna i kajakk.


Eg har lenge hatt lyst til å padle rundt Raudøyna med kajakken min. Denne øya ligg rett utanfor huset mitt, nærare bestemt nord om Atløy ein stad. Det å legge ut på lengre turar åleine er likevel noko eg ikkje har kjend meg trygg på enno. Tenk om det skulle begynne å blåse, tenk om eg går rundt, tenk om, tenk om...

I går kveld hadde eg knytt joggeskoa mine og var på veg ut for å jogge intervallar då eg fekk ein Snap frå ein kompis at han skulle padle akkurat denne ruta. Eg spurte pent om eg fekk lov å vere med, riktignok i nybegynnartempo, og det fekk eg! Så då var det berre å bytte kle og komme seg ned til sjøen. 

Eg kava meg ned i kajakken frå flytebrygga (noko som ein skulle tru var mykje lettare enn det faktisk er!) og padla utover mot austsida av Raudøyna.  Sidan eg er skrudd saman slik at eg ikkje likar at folk skal vente på meg, var eg nok i overkant effektiv då eg tok til å padle, for eg gløymde å skru ned senkekjølen. Kajakken levde sitt eige liv både på grunn av manglande senkekjøl og manglande teknikk. Men tolmodogheita sjølv, som venta litt lengre borte, gav meg nokre gode tips, og vi padla avgarde ut mot solnedgangen.
  

På slike kveldar som denne, er lyset aldeles magisk. Ein ting er å sjå det frå land, men når ein kjem seg ut i ein kajakk og berre kan ligge og duppe medan ein nyt utsikta er ubeskriveleg. Eg hadde ein kjempefin tur og det er absolutt ikkje siste gongen eg padlar denne runda.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-