Viser innlegg med etiketten borealdesign. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten borealdesign. Vis alle innlegg

onsdag 22. april 2020

Første gong rundt Raudøyna i kajakk.


Eg har lenge hatt lyst til å padle rundt Raudøyna med kajakken min. Denne øya ligg rett utanfor huset mitt, nærare bestemt nord om Atløy ein stad. Det å legge ut på lengre turar åleine er likevel noko eg ikkje har kjend meg trygg på enno. Tenk om det skulle begynne å blåse, tenk om eg går rundt, tenk om, tenk om...

I går kveld hadde eg knytt joggeskoa mine og var på veg ut for å jogge intervallar då eg fekk ein Snap frå ein kompis at han skulle padle akkurat denne ruta. Eg spurte pent om eg fekk lov å vere med, riktignok i nybegynnartempo, og det fekk eg! Så då var det berre å bytte kle og komme seg ned til sjøen. 

Eg kava meg ned i kajakken frå flytebrygga (noko som ein skulle tru var mykje lettare enn det faktisk er!) og padla utover mot austsida av Raudøyna.  Sidan eg er skrudd saman slik at eg ikkje likar at folk skal vente på meg, var eg nok i overkant effektiv då eg tok til å padle, for eg gløymde å skru ned senkekjølen. Kajakken levde sitt eige liv både på grunn av manglande senkekjøl og manglande teknikk. Men tolmodogheita sjølv, som venta litt lengre borte, gav meg nokre gode tips, og vi padla avgarde ut mot solnedgangen.
  

På slike kveldar som denne, er lyset aldeles magisk. Ein ting er å sjå det frå land, men når ein kjem seg ut i ein kajakk og berre kan ligge og duppe medan ein nyt utsikta er ubeskriveleg. Eg hadde ein kjempefin tur og det er absolutt ikkje siste gongen eg padlar denne runda.

mandag 20. april 2020

Ny glede i kvardagen!


Her inne har det skjedd svært lite dei siste åra. Tida mi gjekk med til studie (som eg var ferdig med i juni 1019)jobb og familie. No som eg har litt meir tid i kvardagen og feriane mine, tenkte eg å blåse støv av bloggen min att og bruke den litt til å kunne sjå attende på turar og opplevingar.

For MYKJE har skjedd dei siste åra med denne "Kalvikaren"! Det mest overraskande som har skjedd, som eg aldri hadde trudd skulle skje er at:
Eg har kjøpt meg kajakk!



Eg! Eg som alltid har hatt litt vass-skrekk har kjøpt meg kajakk. Det heile tok til med at eg fekk prøve litt saman med ei venninne, og synast det var kjekt. Riktignok kjefta eg ho huda full då ho ville plassere eit spruttrekk på meg, og panikken var vel til å ta og føle på… Mest redd var eg vel for å gå rundt og ikkje klare å komme meg ut att.
To år seinare prøvde eg igjen, og denne gongen med trekk. Eg kjende at sjølv om eg var redd, så skulle eg ikkje la frykta mi overvinne lysta til å padle. Så i august 2019 tok eg introduksjonskurs i padling. Der den stakkart instruktøren måtte tole kjefting , tårer og latter innanfor ei tidsramme på eit minutt. Eg gjennomførte alle krava og var så stolt av meg sjølv at eg trur kanskje eg vaks ein cm eller to.
I februar i år bestilte eg meg ein kajakk. Eg bestemte og ombestemte meg sikkert hundre gongar, men så berre gjorde eg det. Eg kjøpte ein Boreal Design Baffin i fargen sunset. Nydeleg!! Har berre fått brukt den to gonger fram til no på grunn av veret, men eg har storkosa meg begge gongane.
Eg har rikeleg med nybegynnarfeil og eg lærer noko nytt kvar gong, men likevel er dette noko eg kosar meg med. Lavterskelnivå på å komme meg ut sidan naustet vårt ligg 100 meter frå huset og etter kvart vil eg nok prøve meg på lengre turar.