I pinsehelga gjekk
turen ut til nydelege Bulandet saman med ein venninne-gjeng. Nesten alle hadde
ein kajakk på taket og vi var klare for ei padlehelg i bedageleg tempo. Veret
viste seg frå si aller beste side og vi såg fram mot eit herleg helg i godt
selskap.
Vi budde på ei utruleg sjarmerande sjøbu som heiter «Bua-Vindu mot vest» , her låg alt til rette for høg kosefaktor!
Første dagen begynte vi med litt padling rett utanfor bua. Der fekk alle litt grunnleggande info og vi fekk kjenne litt på korleis det var å sitte i ein kajakk. Nokre av oss hadde introkurs i padling og nokre var enno meir erfarne. Nokre var likevel heilt uerfarne og målet var at vi skulle legge ut på trygge turar som alle kjende seg komfortable med.
Sidan det var bortimot vindstille denne helga var vi så heldige å få padla frå bua som ligg litt sørvest for Kjempeneset og ut i Sandøyna. Her gjekk vi i land og gjekk opp mot fyret. Frå fyret var utsikta god ut mot Fuglesteinen og vidare utover. Her kan det ofte vere mykje brytingar og bølger, men på denne dagen var det bortimot vindstille. Vi bestemte oss for å padle eit stykke utover mot Fuglesteinen og Tindesteinen, og deretter rundt Sandøyna. Som sagt så gjort, men kjensla av at sjøen og understraumane ute ved Fuglesteinen drog i kajakken min sette ein støkk i vasskrekken min, så eg snudde og padla innover att.Eg er framleis der at komfortsona er den beste 😄. Når gjengen var samla inne i hamna ved Sandøyna igjen, padla vi innanskjærs tilbake til Bua. Her laga vi mat og roa ned resten av kvelden i solnedgangen og godt selskap.
Den andre dagen starta med ein lang frokost, morgon-yoga og ein god del kaffidrikking på terrassen før vi kom oss i kajakkane. I dag var det bittelitt meir vind utaskjers, så vi padla mest innanskjers og fekk med oss magiske sandbotnar, anemonar og ein nydeleg natur. Uansett kor mykje ein prøver så klarar ein ikkje å fange helgas opplevingar på eit knippe bilete.
Kort oppsummert: Ei fantastisk helg i eit veldig godt selskap ♥