tirsdag 2. juni 2015

Kom mai, du skjønne....

Jau, så var det er mai månad  att. Mai månad, og eksamenstid.
Eg som har vore SÅ kjepphøg før eg tok til på høgskulen, om at dette skal eg fikse! Ingen problem, kor vanskeleg kan det vel vere? Matematikken kan no ikkje vere SÅÅ galen? Men JO , det er faktisk SÅ gale. Kongruenspostulat , geometriske stader , halveringsstrålar , konstruering av normalar meg både her og der. GeoGebra og sannsynsrekning.

Etter kvart som eg las og sette meg inn i stoffet følte eg at hovudet vaks og vaks. Det er utruleg kor sliten ein kan verte, når ein driv og fyll på hjernen med informasjon som ein MÅ hugse. Ting vi ikkje berre kan la gli forbi oss når vi har pløgd gjennom orda.

Ein kveld låg eg i senga ,det var vel to kveldar før eksamen. Eg låg å haldt meg for øyra slik at ingenting av det eg hadde lært skulle renne ut att. Eg prata høgt med meg sjølv for å forsikre meg om at eg hadde lært noko,at eg kunne forklare noko av det eg hadde lese. Eg var rett og slett skitnervøs.

Samvitet mitt var og noko svart, i alle fall mørkegrått. Pinsehelga brukte eg nemleg alle døgnets vakne timar på å lese. Eg trur ikkje eg gjorde noko saman med familien , anna enn å ete dagens måltider. Eg sendte dei på leikebesøk både hit og dit, og jammen er eg takksam for gode venner som tek seg av ungane mine! 
Samvitet  vart  heller ikkje noko betre når minstemann på 7 år føreslo at vi skulle lage bål av alle skulebøkene til mamma etter eksamen. Då tenkte eg at kanskje eg har drege dette litt for langt?
(Eg inngjekk ein avtale med poden om at etter denne munnlege matte-eksamenen skulle eg legge vekk alle skulebøkene når han var heime. Eg skulle berre drive med skulearbeid når han og syskena var på skulen. So far , so good..)

Eksamensdagen kom , eg vart kalla inn. Hendene skalv og eg var så nervøs at eg trudde eg skulle gje sensorane frukosten min i retur. Eg fekk utdelt ein passar for å vise kva eg kunne konstruere med den. Eg skalv på hendene og heldt på å stikke meg sjølv på passarspissen. Kanskje det hadde vore like greitt, så fekk eg ein annan plass å ha vondt enn akkurat i magen!
Men det skjedde noko rart der inne , stemninga letta, vi lo faktisk litt og eg kunne svare på det eg vart spurt om.... Og den kjensla når ein er ferdig!! Ubeskriveleg !

Vi feira med kaffi og kake , eg reiste heim , tok lesefri helg med ungane , og er no i gang med å lese til siste eksamen for dette semesteret!

Tenk , eg er snart ferdig med 1 året mitt på lærarutdanninga, eg har vore gjennom 5 eksamenar(snart 6). Eg MÅ jo verte immun mot eksamensangst når eg er ferdig med dei neste 4 åra vel?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-