torsdag 5. mars 2015

Kvardagspåfunn

Her kom eg over eit blogg innlegg som eg starta å skrive i slutten av oktober 2014, men som eg aldri la ut.  Eg hugsar denne dagen , eg hugsar sola , kulden men alikavel det flotte veiret , bålpanna , ungane som berre gjekk og tusla rundt og grilla fiskekaker på bål. Eg gler meg til våren, og til dykk som lurer: Eg har IKKJE vore mørketidsjuk i år!
 
Kvardagen et oss opp...
Eg rekk nesten ikkje komme heim og innom dørene før det er kveldsmat og leggetid att. Det er lekser, fritidsaktiviteter , husarbeid , henting ,bringing , legging og så finn eg fram bøkene mine.
No er eg ute i ein 14 dagars praksisperiode der eg må opp og avgarde med 0700 ferga. Eg stortrivast!! Skulen er flott , det er lærerikt og miljøet er så inkluderande! Men eg har så lite att av dagen min når eg kjem att...
Eg viste så godt  at det ville verte travelt , så eg skal ikkje klage.
Men så i dag tenkte eg: Eg ORKAR ikkje å gå i hus denne ettermiddagen , eg gidd ikkje lage middag , eg vil vere ute i sola!!! Det gjorde vi...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-