tirsdag 2. september 2014

Mørketidsjuk

Eit av favoritt dikta mine er skrive av ein bulending! Kven hadde vel trudd det? Poenget med det diktet kjem seinare. Men altså....
Etterkvart som eg vert eldre kjenner eg meir og meir på at eg vert litt mørketidsjuk. Alle som er mørketidsjuk veit kva eg meinar med det.... Før jul går det stort sett kjempebra, med koselege haustaktivitetar og førjulskos. Så kjem januar og gubben reiser på sjøen...  januar går merkeleg nok knirkefritt forbi. So kjem februar. BAM!! Den slår meg rett ut... Men ikkje denne gongen, nei! I år har eg nemleg samla sommarbilete som eg skal sjå på heile februar og mars og april og...vips så er det vår igjen!! Og her kjem poenget med diktet: 
Sjølv om vi vert aldri så mørketidsjuke, vinterleie og trasige. Så er det ingenting nokre sommarbileter, og diktet under ikkje kan fikse? Sant?? 
Gje meg berre ein nydeleg haust i tillegg so e eg klar! Februar? BRING IT!!
 


Kanskje manglar vi noko, men vi har ein natur
med vant og skogar, fjell og ur.
Her har vi fjordar og fossestup,
og utafor øya og fiskedjup,
dar tosken og seien og lyren går
so av og te bite på ongelen vår.
 
Alt dette har vi- og meir til.
Her kan vi tenkje og tru ka vi vil.
Vi har da so godt-når vi berre vil sjå da,
men ingen kan vente at vi heilt kan forstå da.
Vi krev-og vil ha både meir og beire,
og ha`kje vi anna -so grin vi for veiret.
En plass er for flatt, ein anna for bratt,
ska godt gjerast å få da sånn akkurat.
Men når himmel og hav og alt e grått
og sø`vesten piska og alt e vått,
då e da no jammen å lure på
om Gud har gløymt oss å rest her ifrå
 
Ein dag ska kome- so skrive står-
med longe daga og sol og vår.
Når sola går ned i et hav av eld,
og ærfuglen ror øve vågen en kveld-
å stillheita ute blant holmane her
ja , då kan du føle Vårherre e nær.
Då synest du verda e godt i lagje,
og akkurat her, her låg edens hage.
-Jardar Melvær-

7 kommentarer:

  1. Kjempefint dikt :-) Tenke so ofte på dissa strofene når eg padla ute blandt holmane, i stillheta....putt ,putt da ekje sooo mørkt vel og februar e no ein korte måne ,MÅNAD kom på du er byrja på lærar utdanning ,best å få inn rettskrivinga :p flinke å skrive (skriva ?) du Heidi B

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja det diktet er berre nydeleg, det får meg til å tenke på alle MÅNADANE med mykje lys og varme som vi tek for gitt :-) , med i år skal eg vere klar!! Litt Meir-trening i februar også, så er vi bortimot klare :-) Februar er den k
      ortaste månaden, men likevel akk so lang :-)
      Tak for skryt Marit`a mi, målet mitt er å verte like flink å skrive, som du er å fotografere :-) Ha ein deilige dag!

      Slett
  2. Det var meg med hjerte �� Hanne

    SvarSlett
  3. Flott dikt! OG JA, det er AKKURAT slik det kjennes å vere mørketidssjuk. Du kjem til å verte sitert på den! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Berre å sitere du Lene:-) Mørketidsjuka er so kjedeleg, godt å vete att vi e fleire

      Slett

-Kalvikaren-