søndag 3. august 2014

Dijon sennep?

I Askvoll har vi ein utruleg bra butikk som heiter Askvoll sjømat og delikatesser. Der inne har dei alt i frå reker og fisk, til sennep og deilige olivenoljar. Dei sel nokre fantastiske brød og bakevarer der inne som smakar ordentlig heimelaga. Skulebollane deira er ein klar favoritt hos mine born, for ikkje å snakke om porsjonspizzaen dei lagar. Personane som arbeidar der er service innstilte og alltid smilande og blide. Det er rett og slett ein fryd å gå inn der.
( Bilete lånte eg frå det store Internett ,
 mest truleg er fotografen Steinar Bauge. )



Det er berre eit bittelite problem... kvar einaste gong eg går inn der, så endar eg opp med nokre deilige bollar, nokre reker eller eit brød. Det er IKKJE på grunn av mangel på service og hjelp, men rett og slett fordi eg ikkje veit kva eg skal bruke alt det andre til. 
Det er på samme måte som når du går inn på vinmonopolet og skal ha ei flaske vin. Eg kjøper stort sett det eg har kjøpt før, og VEIT at eg likar. Problema oppstår dersom eg skal kjøpe ein vin som passar til noko spesielt som t.d reker , biff eller anna mat...då må eg spørre om hjelp,  stå der å nikke medan vinmonopolarbeidaren fortel meg om vinane. Late som eg skjønar kva ho pratar om. Deretter tek eg ein av vinane, og i enkelte tilfelle KAN eg jo vere heldig, men i dei andre tilfella....
Så sist eg gjekk innom Delikatessen på Askvoll hadde eg bestemt meg for å kjøpe noko utanom det vanlege. Eg tok mot til meg og byrja og sjå i hyllene, medan Eirik i kassen spurde om eg trengte hjelp. "Ææø, neida!" svarar eg og held fram med å leite i hyllene( som om "ææø" i  byrjinga av ei setning skulle vere eit teikn på full kontroll...). Sanninga var at eg ikkje hadde den minste anelse om kva eg skulle kjøpe. Eg enda opp med ein pakke pasta med stilige fargar , nokre bollar, eit glass med fransk sylteyøy ( som smakte himmelsk!) , og nokre andre glass og flasker med spennande innhald. Eg betalte og gjekk smilande ut av butikken. Eg hadde brote mønsteret mitt , eg hadde kjøpt ting eg ikkje hadde kjøpt før og eg var godt nøgd! 
Så om nokon kan fortelje meg kva eg kan bruke balsamico eddik og dijon sennep til, så er eg heilt i mål!!




2 kommentarer:

-Kalvikaren-