torsdag 31. juli 2014

Dei fleste ulukker....

 Har du nokon gong kjøyrt lilletåa di inn i ei dør, ein kant eller liknande? Slått ho så hardt at du ser stjerner og planetar? Då veit du i allefall at det er særs lite behageleg...
Den 2. juli gjorde eg nettopp det. Eg spende venstre lilletåa mi inn i eit strykebrett som stod i vegen for meg. Det var samme dagen som vi skulle legge ut på årets camping tur. Vi hadde kjøpt ny campingvogn i år, og eg kunne ikkje vente med å komme meg avgarde! Tåa verka , men eg konkluderte med ei aldri så lita forstuing. Eg skulle jo på ferie, så legebesøk hadde eg verkeleg ikkje tid til! 
   
                          Status etter to dagar var dette:



Konklusjonen min etter desse to dagane var framleis forstuing, og vi kjøyrde vidare mot Fredrikstad. Der ferierte vi i nokre dagar, og eg veksla mellom å bruke eit par lilla crogs og eit par nedtrakka ballerinasko. Mann, barn og foreldra mine maste på meg om å ta turen til lege, men det var jo berre ei forstuing så.... 
Etter ei veke på tur skulle vi innom Nordby kjøpesenter på grensa, der eg følte meg på mitt vakraste sidan eg gjekk rundt sminka og stæsja, bra kledd.... og på føtene hadde eg eit par lilla crogs med tilhøyrande crogspynt. Eg shoppa som ein gal i ein halvtime før auga mine byrja på desperat jakt etter ein benk å sitje på, og eg måtte konkludere med at dette ikkje gjekk. Mann og barn sikta seg inn på godisbutikken , noko eg var overlukkeleg for! Der hadde dei handlevogner som eg kunne henge over medan eg trilla rundt i butikken.
Eg fortsatte dette styret resten av ferien. Det vart ikkje betre....

Då vi kom heim hadde eg tenkt å ta turen til legen, men så var det jo krabbefestivalen. Mykje trakking , løfting og morro! Søndags kvelden var tåa dobbel størrelse, og eg måtte love dotra mi på 13, at måndagen skulle eg ringe legen. Eg gjorde det og fekk time onsdagen, henvist vidare til Førde for røntgen og time på ortopedisk avdeling. Der traff eg ei solstråle av ein lege, med nedoversmil og stikkande auger.
 Konklusjonen hennar var ikkje ei kraftig forstuing , men brot. 
Fractura middle Phalanges faktisk. Tåa hadde vore, og var framleis broten....
Vidare fortsatte dette sjarmtroll av ein lege : " Gjorde du ditta 2 juli?? 2 JULI??? Veit du kva dato det er i dag?" Kjære vene, eg vart skikkelig irettesatt av ein snørrunge av ein turnuskandidat.(ikkje det at eg er so gammal då men...)
"Ja det er kanskje ikkje noko poeng i det , men vi får teipe den tåa di. Og så må du gå på krykker i tre veker! Tre veker frå NO."


Så her går eg, hoppande rundt på krykker. Eg føler meg ganske teit, for eg har ikkje spesielt vondt. Det er sommar endå , eg vil på fjellet, eg vil begynne å trene att, eg synast synd i meg sjølv... Men som solstråla på ortopeden sa, om eg ikkje brukar krykkene vil eg verte plaga med den tåa i laaaaang tid!! Det gidd eg berre ikkje!!

  Strykebrettet spør du? Det knakk eg festa på, og kasta ut i garasjen! 

4 kommentarer:

  1. Au��
    God bedring. ��
    Eg skal på lang fjelltur i morgon. Skal tenke på deg. ��

    SvarSlett
  2. Ops. God bedring. Moralen er at stryking er noke dritt og at legane er til for å brukast? Strykefritt og "open mind" te legebesøk er notert..

    SvarSlett

-Kalvikaren-