tirsdag 21. juni 2016

Før-reisebrev frå Kalvikarane, sommaren 2016.

No er det ikkje lenge til avreise, og det kriblar i reiselysta til Kalvikarane. Vi skulle aller helst ha reist i går! Minstemann krev at eg viser videoar på You-Tube frå ulike stader vi skal besøke i sommar, noko eg sjølvsagt gjer sidan eg gledar meg MINST like mykje som han! Mellomstemann gler seg òg , men han er ein meir stillferdig type som er mest oppteken av at vi må hugse at han har bursdag medan vi er vekke, og korleis det skal verte med kake og slikt…


Eldstefrøkna skal ikkje vere med oss på ferie i år, for første gong i si leve tid. Nei, ho skal ikkje gå heime og drive dank, ha heime åleine festar og bombe huset medan vi er vekke. Ho skal til Jersey på språkreise saman med ei god venninne. Mammahjarte mitt sutrar og gret litt, men eg har vendt meg til tanken på det no…


I år skal vi ikkje reise åleine. Ungane sine besteforeldre, mine foreldre og Mr.Kalvik sine svigerbeist skal nemleg vere med! Gjett om vi gler oss!!


Så no brukar vi tida vår på å vaske kle, vaske i campingvogna, slå plenar, rydde rundt huset og gjere bilen vår ferieklar. Med jamne mellomrom stikk eg nasen innanfor døra i campingvogna for å snuse inn den heilt spesielle ferielukta som er der inne, så gleda eg meg litt til og held fram med litt førebuande arbeid før ferien tek til for fullt.


I fjor skreiv eg reisebrev på bloggen min, og vi kjenner at vi kosar oss med å sjå bilete og lese frå fjorårets ferie. Så mykje at vi må til å lage reisebrev i år òg!