onsdag 28. oktober 2015

Det er ein første gong for alt...

Eg har sjølv vore der. Eg har kjefta og smelt på handelstanden for måten Halloween vert presentert for ungane. Eg har haldt ungane heime , og nekta dei å gå "knask eller knep."

Her skar vi av toppen på graskaret vårt, kjemperart
å utforske kva som var inni!
Vi har sjølvsagt vore på Halloween tilstelningar der det har vore arrangert Halloweenfestar for ungane. Vi har kledd oss ut som skumle hekser, zombiar og vampyrar og fryda oss over alt det skumle, men når det kom til "knask eller knep" tradisjonen har eg sagt nei...Eg har sagt at "her i huset feirar vi ikkje Halloween, det er ein amerikansk skikk, det er ikkje noko vi har tradisjon for i Noreg." Dette har eg sagt kvart einaste år, eg har vore beinhard på det og hatt 3 fornærma ungar som synast mora er skikkelig teit!!

Men i fjor skjedde det ei endring. Minstemann som då var 6 år var nesten den einaste ungen i bygda vår som ikkje fekk lov å gå "knask eller knep". Augene hans vart store å tårefylte då eg endå ein gong leksa av meg den innlærte leksa mi om Halloweenfeiring i Noreg. Etter å ha sett den lutrygga guten traske seg inn i stova att tenkte eg med meg sjølv: Kva er eigentleg viktigast her? Å la guten sitte heime å vere lei seg fordi han ikkje får lov å gå "knask eller knep" med vennene sine, fordi eg som mor skal vere så prinsippfast at eg nektar å forhandle med han? Eller skulle eg gjere ein "knask eller knep" avtale?.... Eg valgte det siste. Eg sendte nokre SMS`ar rundt til nokre av mine venniner i bygda, forklarte at dei fekk beskjed av nokre skumle smågutar som var på "knask eller knep" tur. Dersom dei ikkje ville ha besøk av dei så kunne dei berre gje meg ein lyd, så hoppa vi over det huset. Deretter kledde ungen seg ut , vi samla guttegjengen i bilane våre og kjøyrde ei runde til hus vi hadde avtalt med på førehand. Resultatet var ein strålande blid gut som hadde fått gå "knask eller knep" for fyrste gong. Han hadde berre vore innom 5 hus, men det var heilt fint for han!

Så i år drog vi Halloweenfeiringa litt lenger, men på vår eigen måte. Vi har ikkje lagt opp til planar om kva vi skal gjere akkurat denne dagen, vi har ikkje handla dyre kostymer og vi har ikkje kjøpt kilovis med godteri på Nille, berre fordi reklamen fortel oss at vi bør gjere det. Neidå, guttungen i midten ynskte seg så veldig eit graskar. Så det kjøpte vi. Saman hadde vi ein time med graskarpynting på utsida av huset i haustsola. Vi kosa oss skikkelig med skjæring og tømming og frydefulle vræl over kor ekkelt graskaret såg ut på innsida. Det var skikkelig morro, og det er noko vi kjem til å halde fram med! Vi hadde ei fin stund i lag og vi fekk ei fargerik lykt på utsida av huset i haustmørket.

Så her i huset kjem eg til å la ungane få feire Halloween , på sin eigen måte..... berre litt styrt av ei prinsippfast mor som framleis meiner at handelstanden kan jekke seg ned eit lite hakk!
Arbeidet utførast!


Her er det ferdige resultatet til to kreative gutar!

I
h
Vi Kalvikarane ynskjer alle ei fin Halloween feiring,  med masse lys på ein mørk haustkveld!
Og til mine to eldste ungar : Eg beklager at det tok 10 år for mor dykkar å innsjå at Halloween ikkje er verdas undergang berre vi klarer å halde det litt " i selane".... og at mor dykkar får ha eit lite ord med i laget :-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

-Kalvikaren-