mandag 15. juni 2015

Første skuleåret er plutseleg over...



11. juni,  klokka 12.47. Endeleg kunne eg luske meg ut av eksamenslokalet, og finne nokre av mine medstudentar på utsida av høgskulebygget i Sogndal. Glad, letta,  forvirra,  usikker, men likevel nøgd med eigen innsats.
11. juni,  og eg hadde fått sommarferie. Ei heil veke FØR ungane mine.
Kva skulle eg no ta meg til med??

 Ein tom følelse kom sigande innover meg. Eg var trøtt og sleta etter det første året mitt som deltidsstudent, men likevel fast bestemt på at eg ikkje var ferdig. Dette var 1 av 5 år.
I juli 2014,  då eg fekk brevet om at eg var kommen inn på høgskulen var eg fast bestemt på ein ting: eg skulle ta eit år i slengen, og så fekk eg berre sjå korleis det gjekk. Om eg klarte det 1.året, så skulle eg ta til på 2. året... Og no kjenner eg at det liksom ikkje er eit alternativ å gje seg.


No skal eg nyte sommaren. Berre vere her,  pakke campingvogna og reise ein plass der sola er. Eg skal lade batteria mine. Og så er eg klar att.... Klar for mitt 2. år på Høgskulen.

2 kommentarer:

  1. Tar du den ,så tar du den ...!! Ditta klare du vettu . God sumar :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Tænks 😃 God sommar til deg og ☺

      Slett

-Kalvikaren-